Embedding
Kopier koden til di nettside:

Bokmerke

Lenke til denne siden

Data til folkehelseoversikt for kommunane i Hordaland

God folkehelse blir skapt gjennom god samfunnsutvikling. Samstundes er folkehelsa ein viktig faktor for god utvikling. Det er ei rekkje forhold i samfunnet som verkar inn på folkehelsa, som til dømes bustad, utdanning, arbeid og fysiske og sosiale miljø. Samspelet mellom desse forholda kan skape både positive og negative ringverknader.

Ei god folkehelseoversikt er heilskapleg og seier noko om helsetilstanden til befolkninga, samstundes som den vurderer påverknadsfaktorar, utfordringar og ressursar. Slik kan ein sikre eit treffsikkert folkehelsearbeid; at dei faktiske utfordringane blir lagt til grunn og at effektive tiltak blir sett i verk.

Fylkeskommunen skal understøtte lokalt folkehelsearbeid

Det er ei stor oppgåve å få oversikt over folkehelsetilstanden i kommunen. Det kan vere krevjande å sikre ein god prosess og å velge ut relevant statistikk. For å bistå kommunane med arbeidet, har Hordaland fylkeskommune utarbeida eit verktøy for arbeidet.

Les meir om verktøyet for oversiktsarbeidet.

Både kommunar og fylkeskommunar skal ha oversikt

Det er ei lovpålagd oppgåve å ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga, både for kommunar og fylkeskommunar.

Informasjonen skal vere grunnlag for avgjerder både i det løpande og meir langsiktige arbeidet knytt til plan- og bygningslova. Her skal den vere eit grunnlag for planstrategi. Kommuneplanen skal i neste omgang byggje på planstrategien. Gjennom denne strukturen blir det lagt til rette for eit heilskapleg folkehelsearbeid. Ei god oversikt kan sikre eit systematisk folkehelsearbeid i organisasjonen.

Instruksjonsvideoar

Innføring i bruk av statistikk.ivest.no (19 minutt)

Kalkuleringar i statistikk.ivest.no (18 minutt)

Eksport av data frå statistikk.ivest.no (6 minutt)

Manglande data (4 minutt)

Kontaktpersonar i Hordaland fylkeskommune

Spørsmål knytt til folkehelseoversikt: Aina Haugstad, epost: aina.haugstad@hfk.no, tlf: 977 00 413

Spørsmål knytt til data og bruk av statistikk.ivest: Stian Skår Ludvigsen, epost: stian.ludvigsen@hfk.no, tlf 41 32 27 34.